Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/34

Denne siden er godkjent

samde om at dei skulle teia om alt så godt dei kunne, og smaug stilt inn bakdørene. Då høvde det seg så godt at det var komi framandfolk til gards, to hestehandlarar. Der var ein av dei i kvar stove; alle tala med dei og hadde ikkje ansa på at gutane var så lenge ute. Dei slapp såleis for all spørjing og fretting og kraup berre i seng. Men enno lenge etter dei hadde lagt seg, var det som dei låg og vogga opp og ned langt utpå sjøen og såg store svarte hjul dansa for augo.


Det var ein vond dag. Kven skulle drøymt om anna enn at dei var komne vel ifrå heile den usæle fiskeferda i går kveld då dei la seg? Men dei hadde fått anna vita i dag. Han Tormod hadde vori nedmed sjøen eit ærend, og då han kom att, hadde han leitt nytt å fortelja. Han hadde tala med han Aslak nedi Vika, og han var så vond at han gjekk berre og skjente, sa han. Han hadde mist nokre nye fiskegreier som han hadde hatt hangande i naustveggen. Og det kunne ikkje vera nokon annan enn dei fire gutane herifrå som hadde stoli dei, hadde han sagt. Folk hadde sett dei fara der og nasa i går kveld og ro utpå fjorden. «Men kjem dei ikkje att med dei straks, så skal eg senda lensmannen på dei og stemna dei med ein gong. Du kan helsa dei på det, fantetravane,» hadde han sagt.