Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/42

Denne siden er godkjent

speleg og utrygt med styremaktene i desse tider. Nyleg var det lensmannen, og så presten sjølv. Dei hadde aldri vori for presten før, men no var dei så store at dei slapp ikkje lenger. Dei måtte då kunna alt det dei hadde lært før, hadde skulemeisteren sagt, og alle kunne vita kor fælt det var å stå fast, når det var for presten sjølv. Men kven kunne kunna noko no på denne tida? Det hadde nok gått nokre stygge skræmer om skuleeksamen i vår, då skulen slutta; men det vart ingen ting av, og så hadde dei ikkje drøymt om å ottast for slikt før til neste vår. Dei hadde snautt kasta eit auga på leksene dei skulle ha til skulen kom att i vinter, og alt det andre hadde dei gløymt mest heilt ut. Og så skulle dette koma som ein tjuv nett no!

Dei smaug ut og vart ståande rådlause og med skjelv i kne utfor døra. Røma og gøyma seg av alt til i morgon kunne dei ikkje, og sjuke eller halte på nokon måte var dei heller ikkje, så dei kunne sleppa for det. Han Gunnar var sistpå ikkje fri han slo på om dei ikkje kunne få ei magesykje som hjelpte, når dei åt i seg litt pepar og syrestilk; men før dei vart samde om nokon ting, kom mødrene deira og ropa at dei skulle inn og lesa. Han Velom hadde alt vori borti stovene òg med ubodet sitt. «Og lærer de ikkje eit grann bok og bøn no, så skal far dykkar læra dykk ein annan lester i kveld,» sa mor åt Gunnar og Andres til dei to sine — ho peika berre bort mot ein lime bortpå dørhella.