Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/43

Denne siden er godkjent


Det var på høg tid òg at dei tok til bøkene. Det var snart kveld, og i morgon vart det ikkje stor tid til å lesa.

Han Pål hadde leksa uti hustavlene ein stad, og då han hadde seti med augo som naglar i boka mest ein time, tykte han endeleg at han kunne ei av dei så nokolunde godt. Så las han ho opp atter enno ei halv sneis gonger, so han kunne vera rett fullstø og lesa ho brenn-fort. Men då han så skulle prøva seg att og heldt neven for augo, var han ikkje eit hår støare enn før. Han hakka seg berre fast eit par stader som han slett ikkje hadde sett på før. Og såleis gjekk det sidan, kor lenge han las. Han dreiv til slutt på av sinne og med gråten i halsen; men då vart det så ille at han kunne ikkje dei fyrste linene eingong. Det datt ifrå einannan som sand alt i hop, og det kom allslags ral og blanda seg inn, både «herr Sinklar drog» og anna som stod i leseboka. Han gret og gjekk ut i kjøkenet til mor si og let om at han aldri i si tid lærde noko, og aldri gjekk han for presten heller. Men der var ikkje anna trøyst å få enn at han fekk freista lykka, «så heng vel all tid eitkvart att i hausen,» sa ho. Jau, det var vent med det, at det hang! Han sette seg til å stira i boka att som i ei skodd.

Ikkje stort betre gjekk det for han Gunnar; han sveiv heilt uti «sentensane» han. Og kva dei to minste lærde, var ikkje godt å vita. Dei var inni dei fem partane og sat og mulla og mulla på «det er», og så fekk dei lange rier med geitestir