Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/45

Denne siden er godkjent

inne ved veggen og såg på kvar som kom. Han var høg og svartkledd og hadde svart skjegg. Men han var ikkje nett så ovleg vond å sjå til som dei hadde tenkt. Nei, men så hadde han heller ikkje noko å morska seg opp for enno.

— Dei hadde sungi, og presten og skulemeisteren tok til å spørja dei største gutane. Skulemeisteren spurde fyrst, så tok presten i. Og det var svært som dei kunne svara og lesa alle i dag. Stod dei fast for skulemeisteren, så kunne dei det straks når presten kom. Det var skilleg som dei hadde visst om det og seti og lesi i lang tid. Men di verre vart det når han kom til dei som sat der som andre heidningar, tykte dei fire gutane nedpå benken. Dei våga sistpå ikkje å blinka opp, etter kvart som rada kom lenger og lenger ned mot dei. Aller verst kjende han Pål det. Han sat fremst, så dei ville koma til han fyrst, og så hadde han alltid vori mellom dei som kunne noko før; tvifelt skam var det då å vera så tosken no. Han sat berre og streva og tok opp att for seg sjølv det han hadde lært i dag tidleg, så det ikkje skulle koma bort … så stod presten framfor han som ein stor svart rise.

Skulemeisteren spurde eitkvart; det var i hustavlene, så vidt han Pål skjøna. Han visste då ikkje betre råd enn å setja i veg med «undersåtters pligter», som han kunne best. Men før han hadde lesi ei line kom det eit kvast «nei, nei» frå skulemeisteren, og han tykte han såg dei største gutane firte. Så spurde skulemeisteren opp att;