Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/64

Denne siden er godkjent


Eldste bror hans Pål kom ein dag heim med ei bok frå boksamlinga. Det var berre ei gamal og sliten grå-lefse, og det fanst ikkje bilete i ho. Han Pål brydde seg fyrst aldri til å sjå i denne boka eingong. Men så såg han at broren ofte lo med seg sjølv, når han sat og las lågt i ho om kveldane. Då vart han forviten og fann ho ned or hylla ein dag og tok til å lesa. Og då kunne det henda det var bok! Det fyrste stykket han råka på, var om ein gut som skulle berga kongsdottera ut or fjellet, og aldri hadde han lesi noko så svært som alt det den guten gjorde og alt det han kom ut for.

Då han kom til neste stykket, så var det ikkje verre. Det var om ein gut som var hjå eit troll og fekk narra det så fælt. Og det tredje og det fjerde — — — heile boka. Det var om risar og om kongar og kongsdøtrer, det var om Espen Oskeladden og fæle stykmødrer og sankt Peter og alle slag andre underlege folk; og så om hinmannen sjølv ikkje minst, og her fekk vi sjå kva kar han var. Han var så nauten og godtruen, så dei kunne narra han mest kor gali dei ville, og ein gong var det ein smed som fekk han inn i ein jarnpung og hadde så nær slegi han snupt i hel. Han kunne aldri vera så farleg som dei lét då, dei som preika. Det var berre leitt at smeden ikkje fekk gjera radt av med han, så vi kunne vorti kvitt han for godt.

— Han las så ofte han kunne koma seg til, og for kvar gong han hadde funni noko rett gildt,