Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/73

Denne siden er godkjent


Det laga seg heilt som dei hadde ynskt denne gongen. Då dei kom ut om morgonen om vesle-julekvelden, var det klårt og isende kaldt, og kvitbjørnen stod der som harde fjellet. No stod det berre att å reia huset til innvendes, så dei kunne vera der i jula; for då måtte dei bu der og ha det gildt inni bjørnen. Dei skar døra inn på eine sida. Så skrapa og sletta dei veggene og tetta godt til i alle hol; dei laga fine sæte av fjøler og kubbar langsmed veggene der og tok med seg halm og strøydde på golvet. Og til slutt fann dei seg ei brei fjøl til dør. Når den var attlaten, var det reint som i ei stove, og der var så høgt under taket så dei kunne stå mest rette.

Så kom jula med all den hugnad og all den høgtid som då skulle vera. Dei hadde fyrst tenkt dei skulle sitja i bjørnen ei stund om sjølve julekvelden; men då var det så mangt anna, så dei fekk ikkje tid. Dei måtte hengja ut kornband til fuglane og vera med då dei vaksne skaut inn helga; så var det å lauga seg til jul og skifta klede, og det var julemat og juleljos og alt det andre. Bjørnen fekk stå for den han var då uti måneskinet.

Om juledagen var det like eins for det fyrste. Det var så godt ver og godt føre og uråd å sitja inne nokon stad då. Dei var innpå haugane og såg på folket som rodde til kyrkje og var sidan ute og løypte på dei nye skiene sine og sprang og sulla heile dagen; og så inn og åt alt dei vann imellomåt; for det var ikkje kvar dagen jul. Men då det leid til kvelds og alt var stilt, og månen tok til