Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/8

Denne siden er godkjent

oppetter, og der det ikkje var steinar, stod dei og hamra og slo ned i lynget ei lang stund før dei våga å trø nedpå. For det kunne vera ormebøle i kvar busk her. «Ormefjellet og slevefjellet og sniglefjellet skal det heita og ikkje noko betre!» sa han Gunnar, og det tykte dei det var vel verdt alle saman. Dei tvia åt det, og lova at dei aldri skulle setja sin fot der meir i si levetid. Og dei var ikkje mykje huga på å velta stein meir heller, for dei såg no at kleda deira hadde ikkje heller fari mykje vel av dette steinarbeidet. Han Pål var berr på eine kneet, og han Gunnar hadde fått ei flerre bak ein stad, så det var reint leitt. Dei laut sjå å snurpa att med tæger og hampetråd, så kvinnfolka ikkje fekk for mykje på kverna i kveld.

Endeleg var dei komne på vegen att oppmed den vesle løa, og glade var dei for det. No måtte dei skunda seg etter molter. Vegen gjekk mot nordvest oppunder fjelldraget og gjennom eit djupt skard som dei såg mot himmelleitet.

Dei steig på alt dei vann, og stod snart oppi skardet og song så det svara i fjella.


På ein myr-kvelv ovafor slåttene, heilt oppunder Storåsen var det molter kring alle tuvene, og dei laup om kapp der dei såg dei største. Men der var alltid nok til alle.

Då dei ikkje fann fleire, gjekk dei opp i ein liten haug nedafor myra, og opp til ei gamal turrfure som stod der.

«Ho skal heita Mekjedl,» sa han Gunnar. For