Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/91

Denne siden er godkjent

tale om han så lenge dei hugsa, og visste at fælare og farlegare fant fanst ikkje. Han var så svart som ein morian, sa folk, og når han tykte han ikkje var svart nok, så tok han ei skål med bek som han hadde innunder trøya og smurde seg i andletet, sa dei; det var nok endå difor dei kalla han bekafanten. Og ill var han, så du kunne tru han ville bita og klora folk. Sume sa endå at han tassa og reid på ein tamd bjørn og berre sette han att uti skogen, når han gjekk heim til folk.

Råka han på gjætslegutar åleine uti markene, så var dei ikkje altfor trygge for livet; for han skulle nok vera sli etter folkekjøt, sa dei. Men dette kunne no aldri vera sant, lét han Gunnar, då dei gjekk og prata om det etterpå; «for vi bur då i eit kristna land og har såpass både med prestar og lensmenner og futar, så det kan aldri gå for seg,» sa han. Men difor kunne han vera farleg nok, veit du. Dei fekk halda seg vel unna og stå attafor dei vaksne, når han kom. Men kor farleg han var, så ville dei nok svært gjerne få sjå han og. Di lenger det leid på dagen, di meir forvitne vart dei og gjekk berre og glytte etter han nedi vegane. Lenge var der ingen ting å sjå; men heilt fram i kveldinga var det endeleg noko som rørde seg langt nedi skogbruna nedafor bøane. Det gjekk fælande seint og var lenge berre som ein skugge i halvmørkret; men sistpå vart det til ein diger skapnad som gjekk der og svinga med ein stav. Då skjøna dei det måtte vera han sjølv, lell, bekafanten. Dei var fyrst nær på å springa radt