Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/99

Denne siden er godkjent

Men når han visste så mykje, så var det noko anna dei kunne ha endå meir hug til å få vita noko om. Det var om det var mykje med negerslavar i Sverike, og løver og tigrar og ratleormar, liksom i Amerika og andre framande land. Men dei våga ikkje rett sjølve å spørja han enno. Så laut han Andres sistpå bort og kviskra til mor si og be henne slå frampå om det. Ho berre lo med det same og tok så til å bera av bordet, då bekafanten endeleg var ferdig med maten. Så sette han seg bort til omnen att og varma seg godt og kveikte pipa si, og då hadde ho endeleg vit til å koma med det ho skulle spørja om. Då lo han ein gong til og var komen så i godmøle at han blinka blidsleg jamvel bort til gutungane; det var som han skjøna det helst var dei som ville få vita om dette.

Nei, sa han, var det negerslavar dei spurde om, så kunne han berre seia at det slaget hadde dei ikkje noko av i Sverike, og det trong dei ikkje heller; for hjå patronane og greivane der hadde dei nok av folk som var negrar nok før der. Men var det ratleormar dei spurde om, så kunne han seia at dei hadde hatt i minsto ein av dei, og av den hadde dei fått så nok at dei visst ikkje lysta på meir. Det kunne nok han fortelja om, sa han; for det høvde seg så løye, at han hadde hatt litegrann å gjera med den, han.

«Nei, koss var det då med den?» sa ho Lisbet og fór til å verta mest likså forviten som sjølve; gutane.