Side:Martyra.djvu/102

Denne siden er korrekturlest

so mange oplyste, uta dei trudde meir paa Voltaire enn paa gud.

Men om autoriteten berre kom te skifte plas aa autoritetstrua i dei fleste va like heil, so hadde daa Voltaire med si agelause skriving gjort rome større for den frie tanke. Han vekte ialfal krave etter tankefridom.

Aa han hadde huska op i det rotne samfunde, so fillene laag der synbere for alle, aa paa den maaten gjort vegen open for tankane om likskap aa broskap, som i denne ti kom gustande over atlanten, aa som Rouseau vart heitaste talsmannen for.

Det va desse ideane, om tankefridom aa samvitsfridom, om manneverd aa manneret, om fridom aa likskap, som tok Fasting so heilt aa fylte hans sjæl med lyst aa hug til aa spreie tankane ikring seg.

Til det endemaal trengde han eit bla.[1] Aa so la han iveg med »Provincialbladene«, som kom ein gong om vika. Det va i 1878.

Her tok han daa fat paa baade raat aa rote, paa myrkt aa sjukt, paa rangt aa vesalt, som der va so mykje av. Aa han prøvde med kvart aa faa dei nye tankane tilors.

Men det gjek nok ikkje so let som han hadde tenkt.

Bakstræve hev alti ein utveg, naar det kjenner grunnen breste under seg. Det hev kristendomen.

  1. Han hadde prøvt seg som dramatisk forfattar, men det vilde kje gaa. Wessel gjore syndig nar av stykke hans.