Side:Martyra.djvu/104

Denne siden er korrekturlest

saman kristendomen sin stempel, men va langt fraa kristendomens aand.

Retsstelle va ikkje for dei undertrykte, men ein skjold imot dei. Domane fann han som oftast gjek imot dei simple, aa straffene va raa aa fæle. — Der maatte kome ein meir menneskjeleg tenkemaate in paa alle leier. Aa folke burde kje lenger leve i faakunne; kunskap maatte spreias ut til alle kanta aa ne-i alle lag.

I 4 aar helt han liv i blae sit. Mange vilde nok lese det; men faae vilde betale. Han laut difor figte seg fram paa mange maata. Armoa va støt i hælane paa han. — Mest va det vel embætsfolk aa studerande som las blae utaom byen. Aa det va derfor blae kom til aa gjere større virkning, enn han sjøl kunne tru.

Naar der i 1814 møtte so mange fridomskara til tings, so hadde mange krefter virka til det fyreaat. Claus Fasting ikkje minst. Den fridomsanden aa folkelege tenkemaaten som dei beste ungdomane saug i seg av »Provincialbladene«, va det som kom til handling i 1814.

————————

Fasting søkte mange embætte. Men dei stengde han ute. Fyrst daa han va 36 aar gamal, vart han raadmann i Bergen. Som raadmann gjore han kva han kunne for smaafolk. Men han fek nok sanne, at det er lettare aa klandre dei styrande, enn aa