Side:Martyra.djvu/109

Denne siden er korrekturlest

henginga i Chicago. Justismord det fyrste, justismord det siste. Jesu fraa Nasaret vilde frelse manneætta fraa hat aa uret. Chicago-anarkistane vilde det same. Pilatus aa prestane brukte loven mot kjærleikens aa likskapens apostel. Autoritetane i det »frie« Amerika brukte det same mot fridomens aa brorskapens apostla. Folkehopen i Jerusalem skreik »korsfest!« over frelsarmannen sin. Folkehopen i Chicago skreik slikslag over sine talsmenn.

Blo! blo! — »Uta blogging inga tilgiving«, sa den gamle jødegud. »Uta blogging inga sporskifting«, seier den kalde føraren som stend for manneætta sit susande damptog i vaare dage med. Aa alti er det det heitaste ædlaste dyraste blo som maa renne. — Er der daa ingen sti burt fraa dette? Skal den ti aldri kome daa martyrblo ikkje lenger treng renne?

————————

Det regner fraa skya; regne sanka seg i aa-a aa elva aa strøymer tilhavs. Ein gong maa vel have vekse op aa skylje over land aa strand? — — Men have veks ikkje op. Elvane som renn aa renn, dei stig op av have aa gjeng til have attende. Det er verda sit store ævelege blolaup, — naturen sit perpetum mobile, paa det at alt levande av planta aa dyr ikkje skal turkas burt aa rotne ne; men faa si næring aa livssaft ved denne endelause ifylling aa avtapping.