Side:Martyra.djvu/111

Denne siden er korrekturlest

Some gjer tyranane til sin gud. Andre dyrkjer martyrane. Paa denne maaten vert der gjæring aa liv, eit aandens liv med dyrkjing aa undring, hat aa elsk, aa avling av tanka aa maal som lyfter sinne opom moldtremen. Aa menneskja rotna kje op.

Kvar sin gong vinn dei. Der er liksom flo aa fjøre, somar aa vinter. Naar dei megtige faar for stort overtak, so misbruka dei magta si. Lenkjene om folke vert utolelege. Røster reiser seg mot utretten. Dei vert nok kjøvde dei fyrste. Men lenkjene vert striare aa striare. Ein skulde tru at menneskja maatte gaa tilgrunne. Men so tek røstene til aa høyres. Livskrafta sigra. Naturen gjer revolt. Grunlage for dei megtige ramla. Der vert stille. Aa dei herskesjuke maa finne nye veie mot sine maal, nye grunlag for si magtlyst.

La det altso ikkje ta fatninga fraa os, at Amerika i sluten av det 19de hundratale spotta fridom aa manneret aa tok skuldlause menneskjevener aa hengde i galgen. Det er livsens gang; soga som tek seg opatt; naturens kitling i sansenervane for aa faa samfunda til aa nyse. Det goe vil atter vinne paa det vonde, aa live lage seg. Stor er nok herskelysta i menneskja, ingrodd denne hug til aa vaa aat seg, aa denne tru at andre maa trakkas paa skal ein sjøl leve. Men større, tilslut, den magt som spring ut fraa driftene avla av samlive til aa halde ætta ved like, — den magt som held mauren oppe i strien mot sterkare dyr, aa læt han til sit siste andedrag