Side:Martyra.djvu/117

Denne siden er korrekturlest

om kvelden va der stort folkemøte paa Haymarket-plassen. Anarkistane gjek i brodden; dei hadde dei beste talarane, slike som Albert Parsons, August Spies aa metodistpresten Fielden. Politie hadde laga seg væl til. Politikapteinen Bonfield sto i ein kjellar med 200 konstabla ferug tilaa rykke ut. — Parsons aa Spies tala fyrst, saklegt, rolegt aa freelegt, Politi-skjefen va der aa lydde paa, men gjek sin veg daa han ikkje syntes det va vert aa forstyre so freelege folk. Men Bonfield brann etter aa faa syne magta si. Han rykte ut med sine 200 mann aa gjek paa. Folkehopen ga seg tilsies for politie. Fielden som sto tala, slutta, aa steig ne av den vogna dei brukte til talarstol. Med ein gong vart der stilt, so døsstilt som før ein kastevind slær ne. So kjem ei bombe susande fraa eit myrkt smog, dett ne midt millom politie, aa ei 5—6 mann ligg paa plassen. Rædsle kjem over folke. Dei tek nugta; aa politie etter dei aa skyt med revolvara so der ligg folk burtover gata døyande eller stygt saara. Mange politifolk stuper au, so der er skrik aa ynking som paa ei slagmark.

Alle namnkjende anarkista i byen vart fengsla, so nær som Parsons. Han kom seg utav byen. Men daa prosessen byrja, møtte han friviljugt for retten. Dei vart slept fri att alle so nær som desse 8: Parsons, Spies, Fielden, Engel, Fischer, Lingg, Neebe, Hirschburger, Apel.

So kom anarkistprosessen. Retsstelle i Amerika nækjer seg. Skamløyse; prostitusjon; rotenskap.