Descartes sette dømekrafta paa frifot daa han
lærde, at ingen skulde halde noko for sanning, som
han ikkje kunne skyne. Mange av os som no lever
synes dette er greit nok. Men so va det ikkje daa.
Aa ta vite til vitne mot ein kyrkjelærdom, det va
ein ugjerning, som laut straffas med baal. Paa den
maaten kunne galskap aa vitløyse haldas oppe fraa
slegt til slegt. — Overtru aa fordom aa kyrkjemagt
va muren som i lange tie stengde ljose ute. Men
tak vere dei som ofra seg! Litt om litt sprengdes
muren; no er berre fillene att.
Det va renaissancetia som i sluten af det 16de aarhundrae braut inover Europa med al si gjæring, alle sine store aander aa alle sine opfinninga aa opdaginga.
Men renaissancen hadde sine fyregangsfolk. Kopernikus aa Galilei kunne kje ha staat fram, uta at nokon hadde opna vegen aat dei. Sjølve tankane va fødde før, endaa dei fyrst fek kraft aa klaarleik i renaissancetia. Aa den eine af desse fyrste vegbrytarane det va Roger Bacon. Han aa Descartes er skaparane av den sunne vitenskaplege logik, som lærer os aa styre vite for aa finne samanheng i alle ytringa fraa natur aa folkeliv.
Roger Bacon er ei av dei største aander som hev livt.
Han kan i skarp tenkjing næsten setjas jamhøgt med Newton. Men han va dertil all-kunnig som Aristoteles, framsynt som ein profet aa fridoms-elskande som Byron.