Side:Martyra.djvu/127

Denne siden er korrekturlest


Stormen va over. Ein suk gjek over Amerika. Rikmansvelde kjende seg letta. Men lufta va uhyggeleg som etter ein skaestorm. Dei fremste anarkistane laag kalde i si grav; men tankane levde — ja skaut op som brodd etter regnfall.

Aldri hev ein døsdom sia Jesu ti faat slik virkning. Som ein elding slo han ne aa sette kveik i folk so langt som der er sivilisasjon aa uret aa rørsle i arbeisfolke. Dei vart kje berre martyra, chicago-anarkistane. Dei fek fraa fyrste stund den opstandingens glorie som vil halde namne deira oppe solenge her er folk paa jor med dyrkjingstrang i seg. — Spies vart sanspaad. Ved aa ta live, ga magthavarane tungene deira den kveikjingsmagt som kan faa sovande vakne.