Side:Martyra.djvu/129

Denne siden er korrekturlest

eit lokalt artilleri-kompani. Der sto han eit aar aa tente seg op, so han sia kom under bror sin i Texas kavaleribrigade. Major-general Parsons komandera heile kavalerie paa vestsia aat Mississippi, fraa Helena til Red River. Seinare kom Albert med i den vispurde Mc Moly troppa. — Daa krigen slutta, reiste han attende til Texas aa gjek paa universitete der eit kort bil, aa ga seg so i boktrykkarlære att. I 1868 tok han til med eit vikebla, Spectator.

Fraa fyrst av va han for ung til aa skyne kva krigen hadde paa seg. Han va begeistra for sit eie land aa folke sit, aa vilde vere med aa sla norkarane; derfor gjek han i krig mot dei som vilde rydje ut slaverie. Men daa han kom heimatt aa skyna, at det galt aa gjere negerslavane fri, daa vart han republikanar aa figta i blae sit for at sudstatane maatte gi seg over. Men derved paadrog han seg hat baade av krigskameratane sine aa grannane. Aa lenge kunne han ikkje halde liv i blae i denne eimen. Det gjek in. I 1869 vart han reisande brevskrivar aa agent for Daily Telegrafh.

Det va paa ei reis jenom Johson distrikte at han fyrst møtte den vakre jenta (av spansk-indianske foreldre) som han vart so gla i aa som seinare hev vorte verdenskjend. Ho budde i ei vakker egn nær Buffalo Creek, aa Parsons vart so hugteken i ho at han slo seg ne der for aa bli kjend med ho, aa drygde der so lenge som det berre kunne gaa an. — I 1870 vart han assessor assistent under general