Side:Martyra.djvu/18

Denne siden er godkjent

til rettesnor for ungdomen aa til hugna i alder domen«, seier Jereny Collier. — »Boka aat ein. vismann er meir verd enn live aat ein daare; vismannen sit blek er kostelegare enn bloe aat ein martyr«. (Arabisk ortøke).

Den engelske sogeskrivaren Macauly som va rik aa hadde alt han ynskte seg, viste kje av noko so hugnalegt som bøker.

Bøkene hev nok hittil vore luksusvare for rikinga aa overklassefolk. Men likevæl kan me for største delen takke bøkene for det som er gjort for aa hjelpe dei netrykte op. Aa meir aa meir vert bøkene tilgjengeleg for alle samfundslag, aa kan skaffe alle herlege stunder. — Me gle os kvar gong her kjem ei ny bok fraa ein Garborg, ein Ibsen, ein Bjørnson ein Lie o.s.v., der dei aapna nye tankevidder aat os aa læt nye kjensler krisle jenom nervane vaare. — Me kan tale med dei avlidne. Me kan høyre Sokrates sine visdomsor, Buddha sin avgrunsdjupe livsfilosofi. Me kan fylje Jesus paa hans vandring millom sjuke aa syndeslitne med helsebot aa von til alle søkjande. Me kan fylje Vinje paa hans kaate ferd i tankeheim aa jordheim, — lauge os med han i fossande elva, graate med han naar hans mjuke strenger skjelv. Me kan vere med Newton i hans svimrande utrekninga. Steg for steg kan me fylje Darwin jenom alle hans prov paa den utvikling der er i planteheimen aa dyreheimen. Tankane aat ein Herbert Spencer, ein Stuart Mill, ein Kant, ein