Side:Martyra.djvu/23

Denne siden er godkjent

Aa vesle Per høyrde paa aa gjøymde ora i hjarte sit; aa dei vart til rettesnor for heile hans utvikling. Han tok inga gamal læresetning go nok, uta han vog aa granska kvar ting, aa det vart hans livs maal aa kvitte seg for alle fordoma aa alt ingrot skjeivsyn.

21 aar gamal helt han ein magistratdesputas so sjølve sensorane laut bisne aa laate væl, endaa han tok paa sjølve Aristoteles-skulen.

Seinare dreiv han paa med fyrelesinga for kvarmann, aa kom daa meir aa meir i stri med den gamle tenkemaaten som han snudde op ne paa for aa faa rom for nyt syn aa nye tanka. Men daa va det ute med han.

Daa han sende fyrelesingane sine til prentings for aa kunne spreie dei ut millom folk, va det teologiske fakultete om seg aa fek forbo istand mot bøkene hans. Ja dei truga med aa gjere ende paa han; men det vart ikkje. Derimot forbau dei han aa snakke i offentleg forsamling.

»Heile universitete leika med meg aa spotta meg, aa dei dømde meg ein uvitande, skamlaus staakmakar aa bakvaskar aa vere. Dei brende so munn aa tunge paa meg, at eg ikkje hev lov aa lese eller skrive noko korkje for meg sjøl eller andre«, skriv han.

Under Henrik II fek han det betre, aa arbeidde daa trottigt. Men so kom bartolomæusdagane. Ramus vart snikdrepen. Dei tok pengane hans, stak kaara jenom like aa slengde det ut paa gata. Lærara aa