Side:Martyra.djvu/26

Denne siden er korrekturlest

høyrde dette aa va tenkt aa knipe greven same kvelden; men han va alt rymd. Seinare vart han likevæl fakka aa sett fast. Han døe i fangehole.

Bruno med sin lærdom aa sit frisyn, aa gløgtenkt som han va, va faarleg nok for si ti, endaa me kan synes han va spak. Han trudde at himmelrome va endelaust aa umaalelegt. Han lærde at der va fleire kloter likeso digre som jora, aa han meinte med Kopernikus, at jora gjeng runt omkring sola. Dette va kjettarskapen hans. Kvart skulebaan lærer det no i aalmueskulen; men Bruno kom paa baale!

————————

»Fedrene dykka steina profetane; de bygger grave aat dei«. —

Paa den same flekken der folkehopen i 1600 sto bisnande paa elden som slikka om Bruno sit nakne lekam aa litt om sen gjore fridomskjempa til kol, der møtte ein langt større skare i aar 1889 daa minnestytta over Giordano Bruno vart avsløra. 500 faner bugta seg over det folkehave som drog mot ærestytta over ein mann som kyrkja hadde brent! — Eit laakt syn for paven. Han stengde seg inne paa sit paveslot, harm over den brodd han ikkje lenger kan trampe ne.

Det va ein fest for tankefridomen den folkefesten som no vart halden i Italia over Giordano Bruno.