Side:Martyra.djvu/30

Denne siden er godkjent


Men den gamle filosofen va endaa ikkje knekt. Han tok strien opatt, like heilhuga som i sine ungdoms dage. Motstandarane hans vart endaa meir rasande no enn før, aa hissa folke op mot han. Campanella laut ta flugta for ikkje aa verte tynt av folkesvermen.

Med gosmanns hjelp kom han seg til Frankrike aa naadde til Paris, der Richelieu tok væl mot han aa stelte han fram for kongen, som vart rørd over gamlingen aa ga han ein aarleg pensjon paa 3000 livres.

Fraa no av levde han i ro, aa kjende seg baade rik aa sæl daa han i sine siste aar kom saman med Descartes. 71 aar gamal slokna han denne gløande ubøyelege strismannen mot al trældom over aand

aa folk.

————————