Side:Martyra.djvu/36

Denne siden er korrekturlest
Galilei.


Naar du høyrer klokka paa veggen slaa sit tik-tik, so tenkjer du minst paa at han som fann op pendelen, som jamna aa styrer gangen i klokka, — at han maatte døy i fengsle over 70 aar gamal.

Den vigitne Galilei (les: Galile-i) vart fød i Pisa 1564. I smaagut-aara daa andre pla more seg med leik aa ugagn fann han op maskiner som han sjøl arbeidde ut. Han va flittig som ein maur, levande i sjæl aa sinn, aa rik paa sjøltenkte meininga. Han va lærenem i alt, gla i musik aa tekning, aa mora seg med aa lese vers aa gjere vers. Far hans hadde mange baan, so det va smaat for han. Men han let likevæl sonen sin studere lækjekunst aa filosofi. Men den turre abstrakte filosofien va daarleg aandsføe for den unge tankespræke guten. Han va kje ræd for aa legge mot desse gamle lærdomane, dei nøydde in paa han, aa mang ein gong brann han etter eit høve til aa faa stige fram for aalmenta aa mæle imot.

Eit slikt høve kom.

Galilei va knapt 19 aar daa han ein dag med’ presten sto paa preikestolen i domkyrkja i Pisa ga