Side:Martyra.djvu/45

Denne siden er godkjent

som trengdes for kunsten min ... I fleire aar hadde eg ikkje tak over omnane, aa om nætene sat eg i regn aa vind uta aa faa hjelp, raa eller trøst av nokon, men berre mjauande katta som remja paa den eine kanten, med’ hundane hylte paa ein annan. Stundom vart det slik storm aa uver, at varmen sløktes, so eg laut gaa fraa altsaman, aa alt mit arbei va spilt. Mang ein gong gjek eg derifraa so tildengd av regn at ikkje turr traa fans paa meg, aa maatte legge meg midnattes eller ved daggry, so tilrakka, at eg saag ut som va eg dregen jenom alle rennesteina. Aa naar eg soleis tilsøla aa trøyt skulde gaa heim for aa kvile, gjek eg slingrande uta ljos, aa tomla fraa den eine kanten til hin som ein mann drukken av vin«, — skriv han sjøl seinare.

Dette er opfinnaren av den franske porcelænkunsten. Men den dag kom, daa hans gilde pottemakarvare vart landskjend aa ettertraadd av alle.

Men Pallissy va ikkje berre fabrikant. I den tia han ferdas, sanka han mykje visdom om naturen, iser om bergslag aa jorarter. Det er med go grunn han er halden for den fyrste professor i naturkunne, aa geologien sin grunnleggjar. — I berg aa kalkstein hadde han funne ei heil samling av slike avtryk av skjelja aa smaadyr som dei lærde kalla fosilier. Med sin praktiske tenkjemaate kom han til den slutning, at disse fosilierne virkeleg va skjelja som have i eldre tier ha lagt etter seg, aa at dyr aa fiska som paa ein eller annan maate hadde vorte