Side:Martyra.djvu/47

Denne siden er godkjent


Teoretikus: »I kva for eit skrift hev du funne den meiningen der; eller sei meg, kva skule hev du gaat i aa lært det du seier«.

Praktikus: »Eg hev inga anna bok havt enn himmelen aa jora, som alle kjenner; aa alle kan forstaa aa lese i denne herlege boka. Aa daa eg hadde lese lenge i ho, tenkte eg over dei jordiske ting; for eg hadde ikkje studera astrologi for aa kunne skoe himmellekema«.

Han skreiv om jorarter, om berglaging, om ophave til mineralane, om kor steinane vert til aa leg paa seg, aa greidde ut om skap, farge, fastleik, vegt aa tetleik. Krystallane, steingjenge tre, fosilierne, mergelen, skjæl-kalken, altsaman skreiv han om, aa let kvar ting kome under sit rette synspunkt.

Han skreiv om korles ein med pumper aa røyrer kan leie vatne fraa ein sta til ein annan. Han granska mineralkjeldene aa meinte at varmen i dei kom av at jora inni er gloande. Han greidde ut om vasdampen kor nyttig han kunne bli, aa den krafta i vasdampen, som folke endaa ikkje kjende til, men som han hadde vorte vis med, ikkje ved aa lese i filosofbøkene, men ved aa koke vatn i ein kjel. Han meinte at aakomene va regnvatn som hadde trengt seg in i jora, aa han sette fram fullt ferig teorien om kor regne vert til, paasto at votna paa landjora »els op ved oceane sit jur«, aa meinte det gjek an aa gjere kunstige springvatn, liksom det i det heile gjek an aa gjere naturen etter i alt,