Side:Martyra.djvu/48

Denne siden er godkjent

berre ein ga nøie agt paa naturen sine virkemaata. — Det va igrunnen han som fann op aa gjere kunstige brunna idet han skreiv at ein kunne faa vatn op jenom berge, naar ein bora so langt ne, at ein trefte vatn som kom fraa nokon sta høgre enn sjølve brunnen.

I denne tia va alkymien svert aavange. Mange dreiv med aa leite etter dei vise sin stein, aa trudde det let seg gjere aa forvandle bly til sylv aa gull. Pallissy greidde ut om kor rensing av ædle metal gjeng for seg aa synte kor dumt det va aa tru paa alkymistane. Han ba lækjarane studere kjemien aa raadde jorbrukarane til aa gjødsle jora, aa ba dei spare skogen. »Vert skogane nehogne, maa al kunst slutte op, aa handverksfolke lyt ete gras som Nebukadnesar«. — Han hadde raa aa vink aat alle, aa va likeso lærd aa djuptenkt som han va stor som opfinnar aa handverkar: — »Vitenskapen opna seg for alle som søkjer han!« — Aa seinare: »Ingen maa misbruke guds gaaver aa gjøyme sit pund i jora; for det stend skreve, at daaren som skyler sin daarskap er betre, enn den vise som døljer sin visdom«.

Men med al sin lærdom, tankerikdom aa røynsle som han jenom so mykje motgang hadde sanka, aa alt det han hadde gjort til lette aa hugna for menneskja, — so fek han daa likevæl ikkje leve sin alderdom i fre. Religionskrigane va paa det verste i denne ti. Aa Pallissy som gjek med dei reformerte vart fanga aa dregen fraa fengsel til fengsel. Aa