Side:Martyra.djvu/49

Denne siden er godkjent

det va med nau at Katharina av Medicis fek berge live hans under blobrudlaupe i Paris. Men i 1588 vart han fengsla igjen aa slengt i Bastillen, aa det sto ei ti om at han skulde bli ført fram for folke aa verte netrampa; men hertugen av Mayenne fek hale tia ut so Pallissy slap unna.

Ein dag kom Henrik III aat bastillen for aa snakke med Pallissy.

»Min goe mann, sa kongen, i 45 aar hev du vore i tenest hjaa mor mi aa meg. Me hev tolt, at du hev havt din religion i fre under heile blobae; men no trengjer folke so hart in paa meg, at eg er nøyd aa gi deg til folke; aa imorgo vert du brend dersom du ikkje omvender deg«.

»Dykka majestet, svara gamlingen, eg er reie til aa gi live mit til guds ære. De hev sagt meg fleire gonger at De synes synd i meg; men eg synes synd i Dyk som maa tale slike or: »eg er nøyd!« Slik skulde kje ein konge tale. Aa aldri skal korkje De eller alle Dykka folk faa meg til aa tale slik; for eg skal vite aa døy«.

Kort etter døe han i den forferdelege bastillen.