Side:Martyra.djvu/51

Denne siden er godkjent

sanningssøkjande, overspente, utkjøyrde tenkjaren. Jussom han trur aa ha funne ei rift i floge der han kan kløne seg fast aa kvile si trøytte svimrande sjæl, so ramla grunnen unda han paa nyt, aa han fomla der like raavill aa søkjande som før. Han veit av inga sanning. Tomt, meiningslaust, verdlaust vert det altsaman. Aa mest verdlaus han sjøl. — Heilen vert sistpaa som ein sundbrend skorstein, der elden loga alt villare aa villare aa stryk ut jenom sprekkene for alle vinda, — til heile skorsteinen er utbrend aa elden slokna.

Pascal kan reknas til desse. Han va martyr, men martyr for sin eigen tankeeld aa sit kjensleneme hjarte.

Han er fød i Frankrike 1623. Han hadde ingen annan lærar enn far sin, som va formann i heradsretten, ein svert lærd mann aa go matematiker. — Alt i baaneaara synte Pascal eit makelaust vit. Han va so gløgg aa letnem, aa ga slike fine svar, aa kunne døme so vitugt, at alle vart forbina som høyrde han.

Han va berre 11 aar daa han ved bore la merke til, at naar nokon slo paa ein steintalerken, so slutta klangen sosnart nokon kom borti med handa. Han ga seg til aa grunde paa kor dette skulde ha seg, aa kom derved in paa mangt anna som han samla i ei gild avhandling.

Matematik lærde han seg sjøl. Far hans torde nemleg ikkje sleppe han in paa matematiken; han