Side:Martyra.djvu/54

Denne siden er godkjent

av vassøyla. — Den gamle læra derimot sa, at naturen hadde slik rædsel for tomt rom, at naar lufta vart pumpa ut or ei røyr, so vilde vatne prøve aa fylle rome ut i staen, berre det kunne kome til. — Daa Pascal fek høyre kva Galilei aa Toricelli hadde sagt, skyna han trast, at dei maatte ha ret. Han vilde prøve fleire gonger om dag med same røyr aa same kviksylv, snart ved foten aa snart paa toppen av eit høgt fjell, aa so sjaa om kviksylve sto like høgt paa baae staer. »Dersom kviksylve stend høgre ved foten enn paa toppen, so maa derav sluttas, at det er lufttyngda eller lufttrykke — aa ikkje rædsla for tomrome — som er aarsak i at kviksylve stig op. For det er sikkert at lufta er tyngre ved foten enn oppaa toppen av fjelle. Men ingen kan tenkje seg at naturen er meir ræd tomrome ved foten enn ho er ved toppen«. — Det synte seg naar han tok til aa prøve, at denne slutninga va ret.

Men alt det han granska ut i vitenskapen, aa alt det han fann paa til aa lette arbeie for dei menneskjelege trældyr, — det kunne daa ikkje gi hans jagande leitande sjæl ro, aa helder ikkje mette hans smegtande torste etter aa lindre den nau han saag ikring seg. — Han va so aa seie baade aandeleg aa lekamleg sprengd. Fraa han va 17 aar hadde han ikkje ein smertefri dag. Det maura aa reiv i heilen seint aa tileg. Des meir han tenkte aa granska, des verre vart det. Meir aa meir hjelpelaus vart han. Han kjende seg som ein liten vesal, ussel