Side:Martyra.djvu/57

Denne siden er godkjent
Denis Papin.

»Dersom hamaren aa vevjarskutelen kunne gaa av seg sjøl, vilde slaverie kunne unveras«, skreiv Aristoteles for over 2000 aar sia.

Dei grunnvilkaar som den gamle vismannen trudde va nok til aa bygge eit idealt samfundsliv paa, er naad. Hamaren, skutelen, rokken, synaala, baaten, vogna o.s.v., gjeng »av seg sjøl«. — Men naar slaverie endaa stend der som karaktermerke for produksjonen, so er det ialfall ikkje deira skuld som hev øydt si kraft aa spilt sin svevn paa aa temje naturens ville magter til lyuge tenara.

Me kan forbanne dampkraft aa maskiner som hev kasta so mange paa gata aa ført manneætta ut paa ei myr av lekamleg nau aa sjæleleg ruin. Men me høgvyrder desse tolmosame, hugsterke velgjerdsfolk, som hev trossa armo aa folkespott for aa naa det som dei trudde skulde verte til velsigning for alle aa til lette for trælane.

Me høgvyrder aa elska dei, som me elska den som læt sit liv for aa berge andre, likemykje anten desse andre vert berga eller ei. Me held av dei