Side:Martyra.djvu/59

Denne siden er godkjent


Seinare vart han lærar i matematik hjaa kurfyrsten av Hessen, aa her ga han seg til aa fundere paa nyt lag, om det ikkje kunne la seg gjere aa nøyte lufttomt rom aa lufttryk til drivkraft. Han prøvde aa faa rome under stempelen lufttomt ved aa brenne der krut istaenfor aa pumpe lufta ut; aa han gjore seg ei krutmaskin til aa skaffe krut med. Men daa han saag alle vanskane som fylgde med dette, va det, at han kom paa den store tanken aa bruke vasdamp til aa faa fram tomrome under stempelen med. Det va sjølve dampmaskina han no va paa veg til aa finne op. Men dei maskiner han gjore seg va so tungvinte aa so utette, at virkninga vart ikkje som han hadde tenkt. Vanmot aa hugløyse tok han, so der gjek mange aar før han freista paa att.

Men so tok han fat paa nyt lag. I 1697 kom der ei bok fraa han der han fortalde om si nye dampmaskin. Han fek maskina in i ein baat som ho dreiv so fort fram at ingen kunne ro so fort. Det galt no berre for han aa kome seg utor Tyskland, so han kunne faa prøve dampbaaten sin paa have. Men kurfyrsten af Hanover forbau han aa reise or lande. Aa daa Papin uløyves sette iveg neetter Fulda, vart han stoppa av eit baatlag, som drog dampbaaten hans paa land, lema han sund, selde alt som seljas kunne, aa bytte pengane millom seg. — Den gamle opfinnaren laut staa der hjelpelaus aa sjaa paa kor desse raae baatfolka lema sundt