Side:Martyra.djvu/6

Denne siden er godkjent


»Sjølbydd tenest hev samfunde ikkje bruk for«. — Dette er skjolden dei kaldkloke skyt fram for si is-lypne bringe. Bak den kan dei staa trygge aa sanke in frugtene som den lange her av seg-sjølofrande hev avla fram, aa med sin høkermoral sneie aandens aa hjartelagets storverk ut i skillingsmynt.

Men ta eingong burt al sjølbydd tenest i smaat som i stort, alt dette friviljuge som ikkje vert gjort af pligt eller for løn skuld, — fraa ei mors nattevaking over sit sjuke baan til sanningssøkjaren som dreg sin siste ande paa baale, — ta det burt, aa det vil gaa menneskjeslegta, dei kaldkloke irekna, som det gjeng ein blomstervoll naar du skygger for sol aa regn.

Va dei ufødde alle desse store aa smaa, som ne jenom tiene hev bydd seg for menneskja aa ofra seg, daa vilde heimen vere øyde som stjernelaus nathimmel. Ja menneskja vilde simpelt hen ikkje vere til.

Alt det som gle aa gagna os —: samfundsstel, veier, jarnbaner, dampbaata, reiskap, maskiner, bøker o s.v., — det hadde vore burte. Religion, kunskap, fridom i tale aa tanke, — det hadde vore burte. Tenkjekrafta, evnen til aa døme vitugt om det som møter os, venskap, aandsfrendskap, dei finaste aa herlegaste kjensler, — det hadde altsaman vore burte.

Naar me bur i varme hus, aa ikkje i kalde jorholer; naar me trykkjer bøker istaenfor aa bite