Fulton er fød 1756 av irske foreldre som hadde
vandra ut til Amerika. 3 aar gamal miste han far
sin. Han lærde tileg lese aa skrive. Før han va
halvaksen vart han send til Filadelfia aa sett i lære
hjaa ein gullsme. Han hadde eit makelaust lag til
aa maale bilæte, aa kom so langt i den kunsten, at
han kunne livnære seg av det alt i 17-aarsaldren.
Denne ungguten som skulde skape dampbaatfarta
drog no uti verda som maalar, gjek fraa vertshus til
vertshus med fargekasse aa pensla paa ryggen aa
gjore landskapsbilæte aa potræt aat kven som ynskte.
Seinare busette han seg i Filadelfia aa tente so mange
penge med penselen sin, at han kunne kjøpe ein gar
i Washington, der mor hans fek seg ein heim.
Men eit slumpehøve kan ofte vende ein manns veg. Ein rik amerikanar fek gohug for den unge maalaren aa ga han reisepenge til London. Der skulde han leite op ein go kjenning som rikmannen hadde der, ein Benjamin West, aa denne skulde daa hjelpe den gaaverike guten med raad aa daad.
Fulton reiste. Aa Benjamin West tok væl imot han. Men so kasta guten penselen aa ga seg til aa