Side:Martyra.djvu/76

Denne siden er korrekturlest
Robert Emmet.

Aa, nemn kje hans namn, ja det kvile i fre
der, kaldt aa uheira, hans jorstøv er lagt;
still, sorgtung aa myrk er den taara me græt
som den natdogg som fell i det gras paa hans grav.
Men den natdogg som fell, om ho græt der i løynd,
skal ho lyse med grønt paa den grav der han søv;
aa den taara me fell, om i løyndo ho renn,
skal ho lenge hans minne i vaar sjæl halde grønt.
(Etter Tomas Moore.)

Lukkelege Emmet!

Paa dørstokken til din manndom fek du døy for di livssak, før tvilen fek herje din heile, skuffelsen slite din barm aa aara kjøle din hug.

Kunne eg velje millom aa vere Shakspeare aa deg, — eg vilde vere deg.

Shakspeare kunne gjere bøker. Men kva er ei bok mot eit liv som dit! — Shakspeare hev kunna gripe aa varme sit teaterpublikum. Men du naadde med di aands logande eld ne-i dei djupaste lag i eit av