Side:Martyra.djvu/77

Denne siden er korrekturlest

Europas mest forkomne folk. Til kvar hytte, til kvar jorkjellar i det arme Irland hev eventyre om deg funne veg aa fyllt barmane med von aa varme. Dine kveikjande or hev i tunge stunder spent strengjene op i kvar motfallen ire. Aa du hev med dit herlege fyredøme mana mot aa tru aa reisingskraft fram i eit folk som elles vilde ligge som aatsel for ørn.

I heile den irske soga er der ikkje det namn som rører kvar irlendar sit hjarte slik som Robert Emmet.

Mange er dei som hev ofra seg for Irland. Mange hev late sit liv i oprør aa krigstummel. Mange hev maatt’ lagt sin hals under skarprettarøksa. Aa mange hev daana sine dage burt i engelske fangehol, eller for livsti vorte viste burt fraa fedrelande sit. — Mange motige, mange trufaste, mange ædle, mange evnerike, — aa alle fyllte med elsk til sit folk aa sit land, aa med hat mot under trykkjarane.

Men Robert Emmet va slik ei undarleg blanding av alle dei framifraa dygder som rører det beste i os aa som til alle tier vil vinne folks samhug. Aa der er so mykje romantik i hans korte liv, at mannen stend for det irske folk som helten over alle helta, som utsending, eit høgre væsen, femnande alt stort i sin eldfulle gløande barm.

Han va av got folk,[1] hadde ungdom, makelause

  1. Robert Emmet er fød 1778. Va son aat ein vælkjend aa gjæv dokter. Vart send til universitete i Dublin i same tie som det revolusjonære irske samlage i al løyndom helt paa aa bli til. Han kom med i dette, fek ein flok studenta ikring seg aa vart snart føraren for det nasjonale partie.