Side:Martyra.djvu/8

Denne siden er godkjent

ill-gjerdsfolke som hev havt det got, livt i sus aa glans aa faat stort rom i bøkene. Sogeskrivarane veit mykje om mannedrepara aa tyrana. Utstasa aa opskrøyvde hev dei vorte, aa stelte op til bisn aa undring for alle. Men oddane som hev brote veg for framgangen høyrer me lite om.

Alexander den store høyrer kvart skulebaan om; men Pascal som blant andre nyttige ting fann op trillebaara? Alle kjenner Napoleon den store, men kven kjenner John Fitch, ein av dei fyrste som fek dampbaata til aa gaa? Du kjenner Ludvig 14, kan kanskje den danske kongerekkja paa fingrane; Men kva veit du om ein Roger Bacon, ein Thomas Campanella, ein Denis Papin?

Bok for bok hev sogeskrivarane vorpe om konga aa keisara, om blotappara aa herfolk. Men dei som hev øydt si kraft, sin midel, sit liv paa ei opfinning, ein stortanke, ei retferdssak, — dei er gjøymde aa gløymde.

Det maa setje merke i folk dette. Naar ein lærer aa sjaa op til slike som hev strøt veiene etter seg med lik, aa aksla seg fram til magt over strauma av medmenneskjens blo, — er det daa undarlegt om folk tenkjer som den kaldkloke bondemannen?

————————

Martyr er ikkje berre den som vert lagd paa baale for meiningane sine. Der er mange andre som med same ret kan bere namne. Fraa soldaten som fell for fedrelande, sjømannen som slit helsa