England aa Frankrike. Dette sette ny kveik aa von i oprørsmennene. Emmet for som ei utsending. Alsta va han. Arbeisrom hadde han leigt her aa der i byen. Folk fek han tak i til aa hjelpe til med aa gjere krigsbuna. Fraa det eine arbeisrome til det andre gjek han, nat aa dag, — muntra folke op aa ordna aa hjelpte til alt det han kunne. Sømn trengde han mest ikkje. Dei faae timane han etter midnat laag paa ei madras i det eine oplagshuse aa kvilde lemene sine, dreiv tankane aa tomla med arbeisplana aa krigsplana. — Arbeie gjek got, spjot i tusenvis, rakjette, granata, børser, krut aa kuler aa andre krigsgreier gjore dei i haugvis aa gjøymde unna, til dagen sku kome. Folke fek slik tiltru til han, at dei gjerne vilde ha late sit liv for han. Aa arbeie gjore dei friviljugt, uta løn; den store sak aa Emmet sit eksempel fylte alle med offervilje. Aa friviljuge slutta seg saman til ein herstyrke aa øvde seg i krigskunst. Over tusen mann va alt komne med i komplotte, daa det hende som gjore ende paa draumane aa endra Irlands historie.
Det eine kruthuse sprang nemleg i lufta. Tvo mann kom til skae; dei døe i fange aat Emmet. — Men daa vakna autoritetane! »Regjeringa søv paa ei mine«, skreiv eit bla.
For revolusjonskarane va det no inga ti aa spille. Knapt halferuge laut dei gaa paa med den hjelp dei hadde. 23. juli braut det laust. Ein proklamasjon skreven av Emmet vart slaat op paa alle gatehynner.