Side:Martyra.djvu/82

Denne siden er korrekturlest

Men faafengt va det. Størsteparten av folke hans drog seg unna naar det bar aat. Berre ein liten flok paa væl hundra mann møtte. Dei gjek mot slotte; det skulde fyrst takas. Al slags pøbel aa gateslusk strøymde til, mest for aa halde leven aa gjere ugagn. Justisministeren som kom kjøyrande med dotter si aa ein prest, vart støyt ne av vogna aa krasa. Det va med nau Emmet fek berge dottera. Den arme føraren skyna snart, at heren hans va faarleg for alle so nær som for fienden. Di nærare dei kom slotte, di fleire drog seg unna. Aa daa militærstyrken rykte mot dei, saag Emmet berre ein liten flok trufaste ikring seg. Han tok flugta, med heile den britiske bande av spiona aa blohunda etter seg. Til Wicklow-fjella naadde han uskadd med nokre av kameratane sine. Desse meinte at endaa va der von. Berre eit vink, — aa heile Irland vilde reise seg, trudde dei. Men Emmet hadde mist mote. Han saag for væl at alt va tapt. Venene hans viste daa, ikkje betre enn aa be han ta te rømings ut or lande. Aa han kunne ha berga seg paa den maaten, dersom live hadde vore det dyraste for han. Men i hjarte hans loga ein annan eld likeso heit aa sterk som den som brann for Irland. Med heile sin ædle reine ville lidenskap elska han ei ung kvinne, so høgbyrdig, so gild, so vakker som han sjøl, — ei kvinne som va han verd: Sarah Curran. Han kjende liksom paa seg, at reiste han no, fek han kanskje aldri meir sjo ho att. Aa den tanken helt han kje ut. Han maatte treffe ho,