Side:Martyra.djvu/84

Denne siden er korrekturlest


Kor domen over Emmet vilde lye va got aa vite; domen va avsagd fyreaat. Emmet kjende sin lagna. — Ein dag fangevoktaren kom daatteleg paa lian, sat han aa fletta paa ein haarlok som Sarah hadde sent han. »Denne vil eg ha med meg paa skafotte«, sa han aa gløste op. Paa bore laag eit potræt av han som han sjøl hadde tekna. Hovue va skilt fraa kroppen som laag attved med lemene strekte.

Eorhøre begynde kl. 10 f. m. Statsadvokaten kom med ein del sleiske or aa skulda Emmet for oprør aa landssvik. So fek Emmet ore. Rolegt aa fast tala han, aa med klaart høgt maal, so det høyrdes heilt uti gangane der det sto fult av folk. Han va kje bitter, tala helder mjukt aa sagt modeleg, men med slik megtig glø som einast kan gjøyve ut av eit heitt hjarte i ei stund som denne. Aldri hev ein tale gaat slik til merg aa bein som denne. Kvart or brann seg som ein eld in i barmane aat alle som høyrde paa; aa fraa desse spreiddes han viare. Kvar hugvarm ire kan den dag i dag talen tilende. Jamvæl brevskrivaren aat storblae »Times« som fordømde oprøre, maatte undre seg aa skreiv blant anna: »Men det maa eg tilstaa, han va stor midt i si vilfaring. Daa han paa forhørsdagen, i den stund grava opna seg for han, fek sjølve rettens mura til aa skjelve ved den kraft aa glans som strøymde fraa talen hans, — daa saag eg den snikja som far hans hadde nørt ved sin barm (lord Plunket)