Side:Martyra.djvu/91

Denne siden er korrekturlest

sin kamp mot undertrykkjarane? Skal de fortelje meg dette aa eg vere slave nok til aa teie?

Eg ræddas ikkje for aa møte den fullgyllige domsmannen aa svare for mi livsferd, — skal eg daa verte skræmd av utvatna moral-løyser, av Dykke som ved Dykka skitne styring hev aust ut so mykje blo, at dersom det kunne samlas, vart det eit hav som your Lordship kunne symje i?!

(Her vart hau avbroten.)

La ingen vaage skulde meg for æreløyse naar eg er dø, la ingen sulke rygte mit ved aa tru at eg kimne inlate meg paa anna enn det som eg trudde va til mit lands frigjering, eller at eg va ein sleisk jypling som vilde aale meg fram til magt ved aa trakke mine landsmenn under meg. Proklamasjonen om ser-styre for Irland syner fyremaale vaart. Ingen kan pine den slutning utav proklamasjonen at me vilde tyrani aa vanæring heime, eller undergjeving aa svik utatil. Eg vilde kje kunne ha kasta meg paa kne for ei framand herskarmagt av same grunn som eg reiste meg mot dei heimlege tyranane. I pagt med fridomselsken i min barm vilde eg ha kjempa paa dørstokken aat mit land, aa in i lande skulde fienda maatte ha gaat over mit lik. — Eg som hev levt for mit land aa vaaga meg fram tras alle faara aa feller som dei skinsjuke aa ottefulle undertrykkjarane hev sett op ikring meg, vaaga meg i stri for mit lands sjølstyre-ret, — skal eg verte tildengd