Side:Martyra.djvu/96

Denne siden er korrekturlest
Claus Fasting.

Den 5te januar for 100 aar sia[1] er der ei merkjeleg folkesamling i »Det musikalske akademi« i Bergen. Stive myndige embætsfolk, spisborgarlege handelsfolk, lutande handverkara, breie vaggande sjømenn, i det heile, folk av alle slag, stive aa stille, andegtuge aa aalvorsame, gravklædde fraa top til taa. Dei blanda seg omkvarandre, net som klasseskilnaen idag skulde vere blaasen burt.

Paa senen stend ein stor pidestal med syrjeflor ikring, aa utapaa heng eit bilæte av Claus Fasting, som no altso kviler i fre aa ro paa kyrkjegaren, aa kjenner ikkje lenger dei hatefulle spottande augne kast aat si kalde snerpne tanketome samti.

Det er stilt aa høgtisfullt i salen. So stig apotekar Dynner fram aa syng ein arie. Derpaa stig der fram ein stor feit veldig rugg som ser mistenkjeleg bispevoren ut. Han hev glatta seg op aa klædt anlite i den rette høgtissame bispemine, so der knapt er eit merke aa sjaa etter »Bor jeg paa det høie fjeld« aa andre drikkeviser. Det er ein

  1. Skreve 1891.