Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/14

Denne siden er godkjent
14
Æventyri paa vandring.

seg, nett som dei og vilde beda um hjelp, liksom Vitalis. — Vedhoggaren sprang daa heim etter stige og reip, som han fira ned i grefti. Stigen hadde ikkje før væl naar botnen, fyrr løva og ormen kleiv upp, og daa dei var komne fri, gjekk dei rundt ikring vedhoggaren, liksom dei vilde takka honom og syna honom kor glad dei var. Deretter hjelpte han Vitalis med aa koma upp, og daa Vitalis kom so høgt, at han fekk tak i handi aat fatigmannen, kysste han henne og ynskte henne alt godt til takk. Fyrr dei skildest, spurde vedhoggaren: »Naar vil du gjeva meg det du lovde meg?« — »Um fire dagar,« sa Vitalis; »kom til meg i Venedig; alle kjenner mit hus, det er ikkje vondt aa finna.«

Vedhoggaren gjekk heim. Medan han sat og fekk seg mat, kom løva berande med ein hjortekalv og gav honom. Ho dansa kring honom og sleikte føterne hans, for aa faa honom med, so han skulde sjaa kvar ho hadde hiet sit. Daa fatigmannen var komen heim att, kom ormen med ein dyr glimstein i munnen. Den la han paa borddisken aat honom. Og so gjekk det like eins: ormen gjorde seg ogso fyre for honom, og vedhoggaren fylgde med og saag kvar han hadde bølet sit.

Fjorde dagen etter tok vedhoggaren glimsteinen med seg og gjekk til Venedig. Der fann han Vitalis, som nettupp heldt eit gjestebod, i gleda yver at han var komen frelst heim att. Vedhoggaren boda honom ut, og spurde um han vilde gjera av det han hadde lovt. »Kva er du for ein?« sa Vitalis; »kva vil du?« — »Du lovde meg helvti av alt dit eige, hugsar du vel,« sa vedhoggaren, — »og svor paa det.« — »Nei høyr paa honom! Tenkjer du aa verta rik so lettvint? Eg hev slite og slæpa i lange tider, eg,« sa Vitalis. Og so ropte han paa folki sine, at dei skulde taka denne fyllefanten og setja honom i fangeholet. Vedhoggaren skyna daa, kva folk han var komen til, og rymde det svintaste han kunde. Gjekk so beint til rettens menn og fortalde alt, korleis det hadde bore til. Dette høyrdest utrulegt; men han synte fram glimsteinen som han hadde fenge av ormen, og fekk folk med seg til løvehiet og ormebolet. Og daa dei saag, korleis dyri bar seg aat og gjorde seg fyre for honom, skyna dei, at han sa sant. Og so vart Vitalis dømd til aa betala det han hadde lovt, og meir til.