hadde falle uti, i staden for nedanfor, so svara han: »Men veit de ikkje det daa, at ho altid gjorde beint imot det ho skulde? De maa daa vita, at ho no helder ikkje kan hava tekje vegen nedetter elvi, som andre, men uppetter.«
Um ein no skulde taka og samla desse tri sogorne til eit, so ser ein snart, kvar det ber av. Det vert det vælkjende norske æventyret
Det var ein gong ein mann som hadde ei kjering, og ho var so tverr og vrang, at det var ikkje godt aa vera i lag med henne. Mannen han visste no ingi raad med henne; det han vilde, det vilde ho altid tvert imot. So var det ein sundag utpaa sumaren, at mannen og kona gjekk ut og skulde sjaa etter korleis aakren stod.
Daa dei kom til ein aaker paa den andre sida av elvi, sa mannen: »Ja no er den aakren skjær; i morgo fær me til aa skjera honom.« — »Ja, den kan me taka aat aa klippa i morgo,« sa kjeringi, »Kva for noko, — skal me klippa? Skal me ikkje faa lov til aa skjera helder no?« sa mannen. Nei, klippa aakren skulde dei, meinte kjeringi. »Det er aldri verre en lite aa vita,« sa mannen; »men du maa vel hava gjenge fraa det vesle vitet du hev havt og no. Hev du set, at nokon hev klipt aakren du?« sa han. »Lite veit eg, og lite vil eg vita,« sa kjeringi, »men det veit eg visst, at aakren skal me klippa og ikkje skjera,« sa ho. Det var ikkje til aa røa um det, klippa honom skulde dei.
So gjekk dei burtetter og kjeika og trætte, til dei kom til brui yver elvi, ovanum ein djup høl. »Dei segjer for eit gamalt ord,« sa mannen, »at god ambo gjer godt arbeid; men det trur eg visst skal verta ein rar skur som dei klipper med sauesoks,« sa han. »Skal me slett ikkje faa lov til aa skjera aakren no daa?« — »Nei, nei, klippa, klippa, klippa!« ropte kjeringi, hoppa upp og klipte med fingrarne etter nasa paa mannen. I illska tenkte ho ikkje paa aa agta seg, fyrr ho snaava i ein stokkende paa brui og stupte ut i elvi.
- ↑ Etter Asbjørnsen: »Norske folke-eventyr, ny samling«.