Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/3

Denne siden er godkjent
Æventyri paa vandring.


Ein dag eg var til gjest i et hus, hjaa folk som hadde baade sans og kunskaper til aa føra ein samtale um meir aalmenne emne, er det ein som gjer meg det spursmaal: »Kvar er det æventyri kjem fraa? Det ser ut som dei skyt upp alle stader, rundt ikring, nett som sopp um hausten.« — »Ja, kva meiner de med æventyr?« sa eg; — »kva er eit æventyr?« … Den vesle sonen der i huset var inne. Straks det vart tale um æventyr, tok han aat aa bruka øyro. Men daa han høyrde mit spursmaal, brast det ut av honom: »Tenk, han veit ikkje kva eit æventyr er!« Det var klart, at han tok meg for aa vera ein faaviting.

Guten hadde i grunnen rett, paa sin maate. Han visste kva det var. Han kjende det med seg sjølv. Og det gjer me alle. Naar me les elder høyrer eit æventyr, so hev me jamnast, utan aa tenkja etter det, ei kjensla av at det er eit æventyr, — og um me les ei onnor forteljing elder soga, at dette ikkje er eit æventyr. Ei slik kjensla hev me, endaa um me ikkje veit aa greia ut, kva eit æventyr er. Og eg tenkjer, at um eg vende meg til baade den eine og andre her i landet og bad dei um aa gjeva meg ei utgreiinig av ordet, kva det er som sermerker eit æventyr fraa andre forteljingar, so vart visst nokon kvar svaret skuldig, like eins som der i huset eg nettupp hev nemnt. Og det skal ein ikkje undrast paa; det er noko nær umogelegt