Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/31

Denne siden er godkjent
31
Æventyri paa vandring.


Endaa kan det vera verdt aa peika paa eit segndrag fraa Finland, Det hev og noko aa læra os. I den gamle finske gudetru heiter guden Ukko, og kona hans Emma. Desse gamle gudarne er no for lengje sidan avtekne der med, som me veit. Men endaa skal det vera gjengeleg i Finland aa kalla den vanlege straumen i elvedragi, den som gjeng nedetter, for ukko-straum; men den som paa sine stader gjeng uppetter, i sjø elder elv, kallar dei emma-straum. Lat os no tenkja os, at alle dei æventyri me hev um »Kjeringi mot straumen« vart avøydde, — berre i desse segnordi vilde det vera emne nok til aa laga ei heil ny rekkja av same slaget. For roti er der.

— Det er som slike ting ikkje kan døy, so seigliva som dei viser seg aa vera. Dei kan vidka seg ut til ruvne sogor, auka og breia seg til ein heil skog, og dei kan kverva inn til aa kunna gjøyma seg i eit ord, eit namn, berre som eit lite ihopturka fræ, — men lever gjer dei. Og det er forvitnelegt aa sjaa, korleis dei liksom kan blaasa utyver verdi, kan festa seg og slaa rot rundt ikring. Naar me finn att »Han far sjøl i stua« hjaa negrarne midt inne i Afrika, umbrigda etter deira tankegang, som ei avspegling av deira folkelynde og livet der, elder »Kjeringi mot straumen« gjøymd av i eit lite namn fraa den gamle gudetrui i Finland, — skulde me ikkje daa hava rett til aa segja, at ogso med æventyri, ogso i deira luftrike, er det slik, at emni, sjølve toet, det gjeng ikkje til grunns; det berre skifter bragd og stend uppatt i nye og nye skapnader. Ogso der raar det same umsynlege stellet som i det store heimshushaldet, det same som naturvitskapen hev lagt i dagen paa sit umkverve, i naturlivet, og som dei no hev tekje aat aa røkja etter meir og meir i soga ogso, i mannalivet ned igjenom tiderne. Helder ikkje i æventyrriket er det, for so vidt, »noko nytt under soli,« so mykje sersynt og uhøyrt som det elles hev aa bjoda paa.