Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/6

Denne siden er godkjent
6
Æventyri paa vandring.

at mesteparten av dei er innflytjarfolk, — me tykkjer alle at dei høyrer heime her, nett som me no tykkjer det same med katten og rotta.

Men no hev me, millom andre, norske æventyr um rotta ogso, — er daa dei yngre en 1800? kunde ein spyrja. »Nei det treng dei ikkje um aa vera; dei kan godt vera eldre her i landet en sjølve rotta. Men det hev fraa fyrst av ikkje vore rottor med, — det hev vore andre dyr som æventyret hev fortalt um; men dei hev vorte undatrengde av rotta, daa det dyret vart kjent her. Ser de, det er med dette like eins som med æventyret um »Meistartjuven« t. d. Han narra baade prest og amtmann og sjølve kongen, og vart truga med tugthus. Men dei eldste uppskrifter, av dette æventyret — Herodots fraa 500 aar fyre Kr., og ei ægyptisk, som er heile 1000 aar eldre en den att — dei kjenner sjølvsagt ikkje noko korkje til presten elder amtmannen elder tugthuset … Æventyri lempar og lagar seg, maa vita, etter det land dei er komne til, og etter den tidi dei lever i; dei skifter ham gong paa gong, for aa tilmaata seg etter nye vilkor elder eit nytt kulturstig, — for aa fylgja med tidi. Dei lever unge og friske paa barnemunnar, med sin heimlege svip, — og so kan dei vera 2—3000 aar gamle. Det er med dei som med »toresteinarne«[1], som barnet leikar seg med, og som den lærde tek upp og les tusundaars soga i.

Til prøva hev eg her valt tvo æventyr, som ser so heimenorske ut, so vel ingen skulde falla paa aa tru anna, en at dei hev skote upp or vaart lands jord, at dei all sin dag hev havt si rot og sin vokster her. Det er norsk natur, norsk folkeliv og folkelynde, det dei skildrar.

  1. Toresteinar elder torelo hev folk kalla ymse rare steinar, anten steinleivor etter dyr, elder reiskaper fraa steinalderen, elder stundom »himmelsteinar« (meteorsteinar).