Side:Norsk mållære.djvu/13

Denne siden er korrekturlest

nemerkje på motdeilen er då å freiste å gjera han til hovuðdeil, deretter bytte om de gjerande verkesette i oinsegndeilen með de veðgjorte og tilslut setje den førre hovuðdeilen með høveorðe av førre seg. Kan ein gjera de, utan at meiningja vert ei anna, so er de motdeil, t. d. vinden driv snøen. Snøen vert dreven av vinden. (Likn ihop § 17 merkn. 1.).

§ 29. Siðedeilen legges au til verkeorðe og fylle ut verksemda veð å gjive tilkjenne de menne eller den tingen, som verksemda er til skaðe eller gagn for, t. d. Eg gav Mildrið ein gulkros; eller: eg gav ein gulkros åt Mildrið. Eg gav døren eit hog. Som ein ser, kan siðedeilen ha høveorð førre seg, men au vera de forutan

Merkn. Siðedeilen vert som oftast kjent veð di, at vi spør; Kven åt? Kven til? Kven for? Eller: Kven var de til skaðe for? Kven var de til gagn for? t. d. Eg gav Mildrið ein gulkros. Kven gav eg ein gulkros åt? Åt Mildrið.

§ 30. I dei her nemnte tilfellom fins de både motdeil og siðedeil, men siðedeilen kan au sta åleine, nemleg veð dei verkeorðom, som tyðe: å følgje, høve, likne, hjelpe, gagne, lyðe, søme, tene, byte, skjifte, møte, t. d. eg hjelpte foreldrom, eg møtte gjenton.

Merkn. Frå gamal tið har folk veð desse orðom tenkt seg ei verksemd, som høve siðedeilen, og difor gjive honom siðedeilen si form (siðehøve), om de æn ikkje altið for os er godt å finne denne tanken. De i §29 merkn. opgjivne kjennemerkje høve difor heller ikkje altið veð some av desse orðom. Noko liknande er de með some skapnaðorðe og høveorð, som styre siðehøve (§§ 56, 3 og 97. 98. 99.).

§ 31. Omstandsdeilen vert enten lagt til eit verkeorð, skapnaðorð eller omstandsorð. I alle tri tilfellom kan han vera ækte eller oækte. Ækte kalle vi han, når han er nemnt með eit omstandsorð, oækte, når han er utsagt með eit høveorð og tingorð.

Lagt til verkeorð: Hesten sprang fort (ækte). Mannen reiste til byen (oækte). Slåttekarane kom heim (ækte) for å eta (oækte).