Side:Norsk mållære.djvu/17

Denne siden er korrekturlest

eintal, som vi bruke, når talen er om ein ting, og ei for fleirtale, som vi bruke, når talen er om fleire æn ein ting av same slagje. Ein gut, fleire guta, denne guten, desse gutane.

§ 41. Peik. Tingorðe nar tvo peikforme, den utpeikade og den peiklause. Utpeikforma bruke vi, når ein eller fleire ting av same slagje utpeikes ifrå alle dei andre ting av same slagje, t. d. guten, gutane. Peiklausforma bruke vi, når ein eller fleire ting av same slagje vert nemnte utan eit slikt utpeik, t. d. Ein gut, nokre unga.

§ 42. Høve. Tingorðe nar 4 høve: hovuðhøve, mothøve, siðehøve og eigjehøve.

Merkn. Hovuð- og mothøve fel samen i alle tingorðom. Ofte gjer siðehøve likeso. Eigjehøve er lite i bruk.

§ 43. Tingorða vert brigde på skjelte måta, ettersom dei er hankjøninga, hokjøninga eller kjønlausinga, og ettersom dei i eintal, peikløyse, ende på ein sjølvlyð eller ikkje. Ein hest, ein kjole; ei leið, ei bøtte; eit hus, eit høve.

§ 44. Døme på dei; skjelte slagom.

a. Hankjøninga.
Eintal. Fleirtal.
Peiklaus. Utpeika. Peiklaus. Utpeika.
Hovuðhøve stol stol-en stol-a (r) stol-a-ne
Mothøve
Siðehøve stol stol-en stol-a (r) stol-om
Eigjehøve stol-s
Hovuðhøve ende ende-n end-a (r) end-a-ne
Mothøve
Siðehøve ende-n end-a (r) end-om
Eigjehøve ende-s