Side:Norsk mållære.djvu/22

Denne siden er korrekturlest

Framleiðes: drok* (dreker), honk (henker), log (legger), not (neter, ei frukt), rong (renger), stong (stenger), tong (tenger), spong, (spenger), ei top (tepper, ålm. toppe), søster (søster el.

søstre), dotter (døtter eller døtre).

§51. Som klokke (§44, b) vert dei hokjøningane brigde, som i eint. peikløyse har tvo stavelso og ende på e.

Merkn. 1 . Nokre av desse orðom har ein j inset etter k i eint. peikl. og desse har han i alle formom av orðe. Alle dei andre har han ingjenstaðs (§ 5, 2 merkn. 2) t. d. kjørkje, kjørkja, kjørkjom, men: kake kakom o. s. b.

Merkn. 2. Nokre målføre segje ei klokka istaðen for ei klokke; men denne a har ikkje større utbreiðing æn a i tingmåten hjå alle verkeorðom (§ 83, 3 merkn. 3.).

§52. Følgjande orð, som ofte er hokjøninga og då vert brigde som klokke, er i mange målføre kjønlausinga og har eit avvikande brigde: auge, øyre, okle, nyre, eiste, nykle, nyvle, fjetre. Som kjønlausinga har dei eit mangfelt brigde; som regel kan auga (§ 44 merkn. 1) tene. f Sjå §54 merkn.)

Kjønlausinga.

§ 53. Som fat (§ 44, d), vert dei kjønlausingane brigde, som i eintal peikløyse ende på meðlyð. Fleire døme: borð, bur, dyr, glas, tre.

§ 54. Som høve (§ 44 d) vert dei kjønlausingane brigde, som har tvo stavelso og i eint. peikl. ende på e.

Merkn. Hjarte, nøste, node vert enten brigde som høve (§ 44, d) eller får same brigde som dei i § 52 nemnte hokjøningane, når desse er kjønlausinga. Siðehøve her som altið brigde om i fl.

§ 55. Nokre orð með sjølvlyðen a i roten får i fl. harðt lyðbrigde (§ 9), t. d. barn, born; vatn, votn; land, lond o. s. b. Oftast går dei då regelret som fat (§ 44, d), undtakand: barn, born.

§ 56.
Om bruken av høveformene.
  1. Hovuðhøve bruke vi, når tingorðe er hovuðdeil eller omegnorð (§ 23 og merkn.). Kalven er eit dyr.
  2. Mothøve, som i alle tingorð er likt hovuðhøve,