Side:Norsk mållære.djvu/23

Denne siden er korrekturlest

bruke vi åt motdeilen (§ 28), og når tingorðe er

styrt av some høveorð (§§ 96 og 98).

  • Siðehøve bruke vi åt siðedeilen, når han er utan høveorð (§ 29 og 30), desutan etter visse skapnaðorð (§ 30, merkn.), t. d. kvitt, leið, lik, ulik, skjyld (vart du kvitt vargom), likeso etter some høveorð (§§ 97, 98 og 99).
  • Merkn. Mange målføre bruke ikkje siðehøve; istaðen vert då hovuðhøve bruka. Største deilen har siðehøve i dei tilfellom som i § 44 (hokjøninga i eintal og alle kjøn i fleirtal) er nemnte. (Sjå §46 og merkn.).

  • Eigjehøve vert somtið bruka, når orðe er tingfylling (§ 27 og merkn. 1, 1), likeso etter visse høveorð (§ 99), likeins i samensette orð, der eigjehøve sit brigde då ofte er å fatte berre som bindesjølvlyð (§ 47 merkn. 1).

  • Kjønsorðe.


    § 57. Dette er tvo slag: de utpeikande og de peiklause. (§ 14). Av dei utpeikande er de tvo stykkje, av de peiklause berre eit. Dei vert brigde slik:

    Eintal. Fleirtal.
    Hankj. Hokj. Kjønl. Hankj. Hokj. Kjønl.
    Utpeikande den den de dei dei dei
    en (n) a e ne ne a
    Peiklause ein ei eit (eine) (eine) (eine)
    1. Av dei utpeikande har de første rome sit førre tingorðe, som de peike ut, men slik, at de kjem eit eller fleire tilleg som tingfyllinga (§ 27 og merkn.) millom de og tingorðe.
    2. Merkn. Står «den, de, dei» tet førre tingorðe, vert dei oftast sterkttonande, og i so fal er de ikkje kjønsorð, men utpeikande varorð (§ 67). Er dei derimot lettonande, so er dei au då kjønsorð.