Side:Norsk mållære.djvu/25

Denne siden er korrekturlest


§ 63. Skapnaðorða vert etter sit brigde deilte i 5 slag:

Peikløyse Utpeika
Eintal Fleirtal Båðe tala.
Hankj. Hokj. Kjønl. Alle kjøn Alle kjøn
1 stor stor stort store store
2 doven dove dove dovne dovne
flogjen flogje flogje flogne flogne
3 svart svart svart svarte svarte
dømt dømt dømt dømte dømte
vigd vigd vigd vigde vigde
spåd spåd spåd spådde spådde
4 lirka lirka lirka lirka lirka
hoppande hoppande hoppande hoppande hoppande
grønare grønare grønare grønare grønare
5 grønast grønast grønast grønast grønaste (Omsegnorð)
grønaste grønaste grønaste grønaste grønaste (Tingf.)

Merkn. Utpeika form hjå skapnaðorðe vert bruka i samlag með kjønsorðe: den (de dei) og varorðom: denne og hin. Somtið elles vert ho au bruka, serleg når ein slik skapnað, som altið høyre tingen til, skal merkjas ut, t. d. harðe steinen, svarte molda, sterke oksen; likeso i tiltale: Goðe man, kjære ven! men: godt folk!

§ 64.

  1. Som stor vert alle ækte skapnaðorð (§ 13) brigde undtakand dei, som ende på en eller t og nokre fåe andre. (Sjå § 64, 2, 3, 4, 5).
  2. Som doven og flogjen går alle ækte skapnaðorð på en og alle oækte skapnaðorð i fortiðen (§ 13 og § 86, 3.), som høyre lyðsprangorðom til, (§ 81), undtakand dei i § 64, 4, f og g nemnte tilfellom.
  3. Merkn. I ikkje fåe bygdemål vert slike orð obrigde og heite då i alle formom som i hokj. og kjønl. eintal.